Show simple item record

dc.contributor.authorVistad, Odd Inge
dc.contributor.authorEvju, Marianne
dc.contributor.authorEide, Nina E.
dc.contributor.authorRød-Eriksen, Lars
dc.coverage.spatialNoreg, Sogn og Fjordane, Jostedalsbreen nasjonalparknb_NO
dc.date.accessioned2018-12-20T12:33:07Z
dc.date.available2018-12-20T12:33:07Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.isbn978-82-426-3332-3
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2578518
dc.description.abstractVistad, O. I., Evju, M., Eide, N. E. og Rød-Eriksen, L. 2018. Vurdering av kor sårbare utvalde lokalitetar i Jostedalsbreen nasjonalpark er for ferdsel. Kattanakken, Oldeskaret og Sunndalen. NINA Rapport 1593. Norsk institutt for naturforsking. Jostedalsbreen nasjonalpark (JNP) skal utvikle ein besøksstrategi. Som del av eit fagleg grunnlag ønskjer forvaltninga få vurdert kor sårbar vegetasjon og dyreliv er for ferdsel i utvalde lokalitetar i/inntil nasjonalparken. Vi har levert ein rapport før (Evju mfl. 2018) som omhandla lokalitetane Austerdalen, Langedalen og Krundalen/Tuftebreen. No gjeld sårbarheitsvurderinga stien til Kattanakken frå Briksdalen, turvegen gjennom Oldeskaret, samt turistvegen og bufarsvegen i Sunndalen. Meir overordna: På oppdrag frå Miljødirektoratet utviklar NINA modellar for å vurdere kor sårbare verneområde på fastlandet er for ferdsel. Prosjektet i JNP bidreg også til å utvikle sårbarhetsmodellen for vegetasjon og dyreliv i naturtypane skog og fjell. JNP er kanskje den mest brukte av alle norske nasjonalparkar og har særleg stor pågang av utlendingar og fyrstegongsbesøkande, men det er stor bruks- og brukarvariasjon mellom desse tre lokalitane. Fyrste steg for sårbarhetsvurdering av vegetasjon og dyreliv er å kartlegge definerte sensitive einingar innafor den aktuelle lokaliteten, og for dyreliv også førekomst av viktige funksjonsområde. Einingane vert så vekta mot areal (kor stor del av lokaliteten dei utgjer) og kvar einingane er plasserte i høve til aktuell/forventa bruk av lokalitetane. For dyreliv brukar vi dessutan registreringar av raudlista artar eller spesielt sensitive artar. Vi baserer slik sårbarheitsvurderingane på feltarbeid, eksisterande kunnskap og kjente brukardata. Briksdalen er særprega med stort volum og nye brukarar, men likevel veldig få av desse som – i dag – tek av på stien mot Kattanakken. Kva vil skje når det no kjem ny turveg i dalbotn, og om sjølve stien mot Kattanakken blir utbetra? I Oldeskaret er den gamle ferdavegen restaurert og blitt tryggare, og dagsturane aukar (særleg turistar frå bedriftene i Oldedalen). Sunndalen er ein sæterdal med beitedyr og høgare lokal bruk. Vil ev. auka gjennomfart langs ferdselsruta til/frå Raudalen i Skjåk vere ei utfordring for villrein? Kva med catskiing frå Sommarskisenteret i Stryn? Det er registrert fleire typar sensitive einingar for vegetasjon. Bratt skråning med ustabilt substrat er dominerande for både Kattanakken og Oldeskaret. Oldeskaret er utbetra dei siste åra, og sårbarheita her er låg. For Kattanakken føreligg eit forslag om utbetring, som vil endre karakteren og truleg bruken av denne stien, som tidlegare ikkje har vore tilrettelagt. Dei utfordrande partia i høve sårbarheit gjer at ein må tenkje seg om før ein lagar ein sti som trekkjer til seg fleire folk. I Sunndalen er stien prega av lang tids bruk og dei sensitive einingane, som i hovudsak er fuktige område, er i stor grad allereie forsterka. Sårbarheten for vegetasjon er derfor låg her. Dyrelivet ser ut til å vere lite sårbart for ferdsel både ved Kattanakken og over Oldeskaret mot Haugdalen. I Sunndalen er det og heilt uproblematisk med auka ferdsel fram til Sunndalssetra. Utforminga av områda, med bratt landskapet og stadvis tett skog, gjev i seg sjøl god kanalisering som vernar dyrelivet. Innafor Sunndalssetra kan auka ferdsel over tid få negativ innverknad på villreinen; særleg tilgang på marginale sommarbeite. Med bakgrunn i villreininteressene rår vi frå ei forsøksordning med catskiing som tilbod ved Tystigbreen. På grunn av pågåande avsmeltning av breområda og reduksjonen i permanent snødekke vil desse høgareliggande områda verta meir og meir verdifulle for reinen; klimaendringane gjer at slike område minkar kraftig i areal.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk Institutt for Naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1593
dc.subjectTerrengnb_NO
dc.subjectVegetasjonnb_NO
dc.subjectDyrelivnb_NO
dc.subjectFerdselnb_NO
dc.subjectSårbarheitnb_NO
dc.subjectForvaltningnb_NO
dc.subjectBesøksstrateginb_NO
dc.subjectTerrainnb_NO
dc.subjectVegetationnb_NO
dc.subjectFaunanb_NO
dc.subjectWalkingnb_NO
dc.subjectVulnerabilitynb_NO
dc.subjectManagementnb_NO
dc.subjectVisitor Strategynb_NO
dc.titleVurdering av kor sårbare utvalde lokalitetar i Jostedalsbreen nasjonalpark er for ferdsel. Kattanakken, Oldeskaret og Sunndalennb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforsking Publikasjonen kan siterast fritt ved å vise til kjeldanb_NO
dc.source.pagenumber62nb_NO
dc.relation.projectMiljødirektoratet: M-1240|2018nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • NINA Rapport/NINA Report [2307]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Show simple item record