Show simple item record

dc.contributor.authorTovmo, Mari
dc.contributor.authorMattisson, Jenny
dc.contributor.authorKleven, Oddmund
dc.date.accessioned2018-12-18T11:46:57Z
dc.date.available2018-12-18T11:46:57Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.isbn978-82-426-3342-2
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2578070
dc.description.abstractTovmo, M., Mattisson, J. & Kleven, O. 2018. Overvaking av kongeørn i Noreg 2018. Resultat frå 12 intensivt overvaka område. – NINA Rapport 1602. Overvaking av kongeørn (Aquila chrysaetos) inngår i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt, og er organisert i to hovuddelar; intensiv og ekstensiv overvaking. I den ekstensive overvakinga av arten vert noverande og tidlegare hekketerritorium over heile landet kartlagt. Hovudføremålet med denne kartlegginga er å få ei mest mogleg komplett oversikt over talet på hekkande par og den geografiske fordelinga av hekketerritorium i Noreg. Den intensive overvakinga av kongeørn vert gjennomført i 12 utvalte intensivområde. Desse områda er valt for å få ei god dekning av landet i både nord-sør- og kyst-innlandsgradienten. I kvart av intensivområda er det 15 faste territorium, som vert følgt opp med fleire årlege besøk for å kartleggje status i territoriet og ungeproduksjon. I to intensivområde vert det i tillegg samla inn DNA-materiale frå territoria for å overvake eventuelle endringar i den årlege vaksenoverlevinga. Seks av intensivområda har vore overvaka sidan 1990-talet gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV). Resultata frå årets intensive overvaking av kongeørn viser at det i 2018 vart registrert 43 vellykka hekkingar med totalt 48 ungar eldre enn 50 døgn, og ein gjennomsnittleg produksjon per territorium på 0,27 ungar eldre enn 50 døgn. Dette er på same nivå som i 2017 med ein gjennomsnittleg produksjon på 0,26 ungar eldre enn 50 døgn per territorium. I områda inkludert i TOV vart det i 2018 produsert i gjennomsnitt 0,27 ungar per territorium. I perioden 1992–2018 vart det produsert i gjennomsnitt 0,41 (95 % KI: 0,36–0,46) ungar per territorium per år i TOV-områda. DNA-analysar av mytefjør og prøver frå ungar påviste 22 ulike vaksne individ (9 hannar og 13 hoer) i intensivområdet Finnmarksvidda og 12 ulike vaksne individ (4 hannar og 8 hoer) i intensivområdet Fauske. Årleg overleving for vaksen kongeørn på Finnmarksvidda vart estimert til 0,91 (95 % KI: 0,84–0,94) i perioden 2012–2018. Det var ingen skilnad i estimert overleving mellom år eller kjønn. For Fauske var datagrunnlaget for lite til å estimere årleg vaksenoverleving.nb_NO
dc.description.abstractTovmo, M., Mattisson, J. & Kleven, O. 2018. Monitoring of Golden eagle in Norway 2018. Results from 12 intensively monitored areas. – NINA Report 1602. Monitoring of golden eagles (Aquila chrysaetos) is a part of the National large predator monitoring program in Norway and is structured in two parts: intensive and extensive monitoring. The goal of the extensive monitoring is to map existing and historical breeding territories across the country, contributing to a comprehensive overview of the number of breeding pairs and the geographical distribution of territories in Norway. The intensive monitoring of golden eagles is distributed across 12 different monitoring areas. These areas are selected to cover both the north-south axis and the coast-inland gradient in Norway. In each area, 15 permanent territories are monitored intensively each year to document occupancy and production of fledglings in the territory. DNA-material from eagles was collected in two of the intensively monitored areas to detect potential changes in adult survival. The intensive monitoring was initiated in 2013 in eleven areas, while the last area (Aure) was included in 2015. Six of the intensively monitored areas have been monitored since the 1990s as part of a terrestrial monitoring program (TOV). In 2018 we documented 43 successfully breeding pairs with a total of 48 fledglings older than 50 days and an average production of 0.27 fledglings per territory. This is the same level as in 2017, when the average production was 0.26 fledglings per territory. In the TOV-areas, the average breeding success was 0.27 fledglings per territory in 2018. During 1992–2018, these areas produced on average 0.41 (95 % CI: 0.36–0.46) fledglings per territory. DNA-analysis of moulted feathers and samples from offspring identified 22 adult individuals (9 males and 13 females) in the intensively monitored area Finnmarksvidda and 12 adult individuals (4 males and 8 females) in the intensively monitored area Fauske. Apparent annual adult survival of golden eagles at Finnmarksvidda was estimated to 0.91 (95 % CI: 0.84–0.94) in the period 2012–2018. There was no difference in apparent survival among years or sex. The data set from Fauske was too small to estimate annual adult survival.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherNorsk Institutt for Naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1602
dc.subjectKongeørnnb_NO
dc.subjectAquila chrysaetosnb_NO
dc.subjectbestandsovervakingnb_NO
dc.subjectDNA-analysenb_NO
dc.subjectGolden eaglenb_NO
dc.subjectpopulation monitoringnb_NO
dc.subjectDNA-analysisnb_NO
dc.titleOvervaking av kongeørn i Noreg 2018. Resultat frå 12 intensivt overvaka områdenb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldeoppføringnb_NO
dc.source.pagenumber21nb_NO
dc.relation.projectMiljødirektoratet: M-1241|2018nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • NINA Rapport/NINA Report [1748]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Show simple item record