Show simple item record

dc.contributor.authorHesthagen, Trygve
dc.coverage.spatialTesse, Oppland, Lom kommune, Ottavassdragetnb_NO
dc.date.accessioned2018-06-18T12:43:04Z
dc.date.available2018-06-18T12:43:04Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.isbn978-82-426-3135-0
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2501918
dc.description.abstractHesthagen, T. 2018. Fangstutbytet og bestandstilhøva hjå auren i Tesse-magasinet i Jotunheimen i åra 1979-2017. NINA Rapport 1407. Norsk institutt for naturforskning. Tesse har sidan 1941 vore regulert i fleire tinn. Den siste reguleringa 1963 innebar ei reguelring på ca. 12,4 meter. Da vart Veo vart overført til Tesse via Smådøla. Den er sterkt breførande, og Smådøla vart øydelagt som gyteelv, kominert med kanalisering i den nedre delen. Tesse dekkjer eit areal på 1426 hektar ved høgste regulerte vasstand (HRV). Aure er einaste fiskeslaget. Denne rapporten oppsummerer fangstutbytet på stågarn (35 millimeter) og oter frå båt i åra 1979-2017. Fram til og med 2006 er også avkastinga berekna. Regulanten har vore pålagt å setja ut fisk. Fram til 1979 vart det årlege utsettingar på 10 000 einsomrig settefisk av framand stamme. På den tida var ikkje settefisken merka (finneklipt). I åra 1980-1986 vart det sett ut både stadeigen og framand fisk med 17800-28000 individ pr. år. Sidan 1987 har det berre vore sett ut stadeigen fisk. I 1988-1989 vart det ikkje sett ut fisk i det heile, og berre eit llite antal i 1990. Frå 1996 og fram til og med 2014 vart det i hovudsak sett ut eitårig fisk, som ut frå størrelsen tilsvara 10 000 einsomrige individ. Sidan 1980 har det meste av settefisken vore finneklipt. Gjennomsnittleg fangstutbyte på stågarn i åra 1979-2006 var 2377 kilo (690-4878). Det gjev ei avkasking på 1,67 kilo pr. hektar. Etter Tsjernobylulykka våren 1986 avtok fangstinnsatsen ein del. Seinare tok fisket seg gradvis opp att, spesielt utover på 2000-talet. Gjennomsnittleg fangst pr. garnnatt i antal og vekt var respektive 1,09 fisk og 365 gram (1979-2017). Det var ein klar auke i fangst pr. garnnatt over tid. Gjennomsnittleg vekt hjå fisk på 35 millimeter stågarn var 323 gram. Størrelsen avtok frå 327-336 gram i åra 1979-1981 til 294-299 gram i åra 1986-1988. Seinare låg vekta i fleire år på ca. 350-390 gram, men gjekk ned til 301-334 gram i åra 2006-2009. Det har også vore ei negativ utvikling i kondisjon og tilvekst. Fangstane i juni og fram til midten av juli har vore høgast i år med låg vasstand. Dette kjem av at det vassdekte arealet er mindre ved låg vasstand, slik at tettheita av fisk blir høgare. For variasjonen i totalt årleg fangst-utbyte på garn var fangstinnsatsen (antal garnnetter) den beste forklaringsvariabelen med 39 prosent. I tillegg bidrog vasstand i veke 29 (16.-22. juli) med ytterlegare 13 prosent. Den merka settefisken frå 1980 kom i haustbar størrelse på 35 millimeter garn etter fire år, og utgjorde 36 prosent av fangsten. Andelen auka til 56 prosent fram til 1990. Sidan har innslaget av settefisk gått gradvis attende, og i åra 2001-2017 låg den på 6-29 prosent. Andelen settefisk i haustbar størrelse auka med talet på settefisk fem år tidlegare. Det var likevel ingen samanheng mellom andelen settefisk og fangst pr. garnnatt. Oterfisket frå båt gav eit utbyte på 27,5 fisk pr. tur, med ei snittvekt på 249 gram. Gjennomsnittleg årleg utbyte var 3200 individ (1045-6985) og 796 kilo (260-1739). I tillegg kjem ca. 90 kilo på landoter. Gjennomsnittleg utbyte på stågarn og oter blir såleis 3263 kilo, eller 2,29 kilo pr. hektar. Det største utbytet i seks påfølgjande år var i snitt 4686 kilo, eller 3,29 kilo pr. hektar (2000-2005). Fisket på Tesse har halde seg bra etter reguleringa på 12,4 meter. Fisken ernærer seg no i stor grad av krepsdyr i dei frie vassmassane, og den naturlege rekrutteringa er stor nok til å halde oppe eit utbytet på to-tre kilo pr. hektar. Fiskeproduksjon var likevel mykje høgare før reguleringa. I ei periode på seks år tidleg på 1930-talet var gjennomsnittleg årleg utbyte ca. 9000 kilo. Dette gav ei avkasting på 7,4 kilo pr. hektar basert på arealet ved normal vasstand. Det kan ha vore nær det maksimale for vatnet sin bereevne. Utbytet i dag er truleg noko lågare enn det bestanden kan tåle. Fisket kan såleis halde fram på noverande nivå, og det er heller ingen trong til å starte opp att utsettingane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturfoskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1407
dc.subjectaurenb_NO
dc.subjectvassdragsreguleringnb_NO
dc.subjectetterundersøkingnb_NO
dc.titleFangstutbytet og bestandstilhøva hjå auren i Tesse-magasinet i Jotunheimen i åra 1979-2017. NINA Rapport 1407. Norsk institutt for naturforskningnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldetilvisingnb_NO
dc.source.pagenumber67nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • NINA Rapport/NINA Report [2297]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Show simple item record