Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJordhøy, Per
dc.contributor.authorGroven, Geir Johan
dc.contributor.authorBilstad, Anna
dc.contributor.authorLiebe, Morten
dc.contributor.authorSannes, Per-Erik
dc.contributor.authorToldnes, Trond
dc.date.accessioned2017-12-20T09:24:37Z
dc.date.available2017-12-20T09:24:37Z
dc.date.created2017-04-04T10:24:40Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.isbn978-82-426-2134-4
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2473188
dc.description.abstractJordhøy, P. 2010. Registrering av villreinen sin områdebruk i Tjønnseterfjellet - Gråhø, Nord-Fron og Sør-Fron kommunar 2007-2009. NINA Rapport 558. 17s.+ vedlegg. Tjønnseterfjellet er kategorisert som eit "observasjonsområde" i gjeldande fylkes- delplan for Rondane. Det betyr at det er eit mål å kartlegge villreinen sin arealbruk nærare for bruk i vidare arealplanlegging, forvalting og vurdering av ferdsle. Dette prosjektet er ein direkte oppfylgjing av planen sin handlingsdel. Fylkesdelplanen er nå til revisjon, og ny kunnskap er difor viktig i den samanhengen også. Som supplement til pågåande prosjekt med data frå GPS-merka simler i Rondane er det viktig med slike kartfesta observasjonar av bukkeflokkar, då ein ikkje har merka bukkar i GPS-prosjektet. Såleis vil ein få nokre haldepunkt om korleis bukkeflokkane utnyttar området i høve til simlene. Tjønnseterfjellet/Gråhø er ein randsone som utgjer viktige habitat for reinen i Rondane. Det vart lagt opp ein plan for observasjonsprogram der ein frå faste punkt og utvalgte trasear skulle avsøka terrenget ved hjelp av kikkert og teleskop. Så langt mogleg skulle eit få oversyn over flokkane sin lokalisering , tal og struktur (kjønnsog aldersfordeling). Om våren og forsommaren søkjer bukkeflokkane ned mot fjellbandet for å finna tidleg groe/beite med mykje råprotein, som er avgjerande for oppbygging av muskelmasse og gevir. På grunn av stort energiforbruk under brunsten kan bukkane ofte vere i dårleg kondisjon når dei møter vinteren. Samstundes er dei fortrengt frå dei beste vinterbeita av dei no dominante simlene. Trongen til slikt beite er så sterk om våren at bukkane kan trekkja langt ned i fjellskogen, der slike beiteemne er tidleg tilgjengelege. Totalt vart det observert 101 reinsflokkar og sporteikn etter 12 flokkar på 197 observasjonsturar i heile perioden. Det er stor variasjon på tal observerte dyr/år i perioden. Hovedtyngden av alle observasjonane vart gjort om våren og på forsommeren. Nesten alle observerte flokkane bestod av bukk, berre 2 flokkar vart bestemt til ”blandingsflokkar” og ei var ubestemt. Resultata viser at heile Tjønnseterfjellet/Gråhø i større eller mindre grad vert nytta av rein, mest bukk. Det ser ut som området Nåsåberget – Gravdalsfjellet - Rundkollen – Brattfjellet samt Veslefjellet, var dei mest sentrale områda i. I tillegg nytta reinen områder nede i skogen ved t.d. Tjønnsetra. Det var også ein del beiting inne på ulike kveer i vårsesongen. Ein har i prosjektperioden 2007-2009 også registrert kjente fangstgroper i Tjønnseterfjellet. 4 i Framre Fiskedalen og 4 i Gravdalsmunningen, samt 1 grop ved Skarven og 2 ved Fjelltjønn. I tilgrensande område har ein kartlagt fangstgropanlegg langs Store-Ula og fangstruse på Bløyvangen. Anlegga viser at det har vore stor trafikk av rein i desse områda i tidlegare tider. Rondane, Oppland fylke, Nord-Fron kommune, villrein, observasjonsprogram, sluttrapport, reindeer – habitat usenb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofNINA rapport
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;558
dc.titleRegistrering av villreinen sin områdebruk i Tjønnseterfjellet ‐ Gråhø, Nord‐Fron og Sør‐Fron kommunar 2007‐2009nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelsenb_NO
dc.source.pagenumber21nb_NO
dc.identifier.cristin1463415
dc.relation.projectAndre: Nord-Fron kommunenb_NO
cristin.unitcode7511,2,0,0
cristin.unitnameAvdeling for terrestrisk økologi
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel