Show simple item record

dc.contributor.authorVeiberg, Vebjørn
dc.contributor.authorDanielsen, Preben
dc.contributor.authorLoe, Leif Egil
dc.contributor.authorStien, Audun
dc.contributor.authorPeeters, Bart
dc.contributor.authorHansen, Brage Bremset
dc.contributor.authorIrvine, R. Justine
dc.contributor.authorRopstad, Erik
dc.contributor.authorAlbon, Steve D.
dc.contributor.authorTveraa, Torkild
dc.contributor.authorVarpe, Øystein
dc.coverage.spatialSvalbardnb_NO
dc.date.accessioned2017-06-30T11:04:34Z
dc.date.available2017-06-30T11:04:34Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.isbn978-82-426-2999-9
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2447479
dc.description.abstractVeiberg, V., Danielsen, P., Loe, L. E., Stien, A., Peeters, B., Hansen, B. B., Irvine, R. J., Ropstad, E., Albon, S. D., Tveraa, T. & Varpe, Ø. (2017) Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt – NINA Rapport 1311. 33 s. Artar som lever i eit miljø med store sesongvariasjonar i både miljøforhold og ressurstilgang, er avhengige av reproduksjonsstrategiar som på ein best mulig måte sikrar god overleving og vekst for avkoma. «Timing» av reproduksjon og strategiar for korleis ulike organismar investerer i produksjon av avkom, er to av dei mest sentrale livshistorietrekka hos ein art. Dagens klimaendringar skjer derimot så raskt at det kan ha stor innverknad både på levevilkåra for enkeltartar og på samspelet innan økosystem. Ingen annan stad i Europa skjer klimaendringane like raskt som på Svalbard. Plantevekstperioden på Svalbard er svært kort og planteetarane som lever her er avhengig av å utnytte dei tilgjengelege ressursane mest mulig optimalt. Svalbardreinen (Rangifer tarandus platyrhynchus) er den største fastlevande planteetaren på øygruppa, og er både ein karakterart og ein viktig påverkingsfaktor for landøkosystemet. Vi ønska å undersøke i kva grad kalvingstidspunktet for reinen har endra seg over tid, og i kva grad eventuell mellomårsvariasjon i kalvingstidspunkt kunne relaterast til vårens starttidspunkt. Å samle informasjon om fødselstidspunkt hos ville dyr er ofte både arbeids- og ressurskrevjande. Vi ønska derfor å utforske muligheitene for å bruke GPS- og aktivitetsdata frå merka svalbardrein til å identifisere kalvingstidspunktet for enkeltindivid. Totalt hadde vi GPS- og aktivitetsdata frå 127 kalvingsperiodar fordelt på 40 ulike individ i tidsperioden 2009-2015. I tillegg hadde vi tilgang på seks år (1979-1981 og 1996-1998) med historiske observasjonsdata frå kalvingsperioden. Vi lykkast med å etablere ein metodikk for fastesetjing av kalvingstidspunkt for individmerka simler basert på aktivitetsdata. Ein årleg gjennomsnittleg kalvingsdato kunne dermed bereknast for 13 år i perioden 1979-2015. EVI-vår og T50 vart brukt som indeksar på vårstart. EVI-vår er ein vegetasjonsindeks basert på satellittdata, men er berre tilgjengeleg etter 2000. T50 er ein temperaturbasert indeks for vårstart og kunne bereknast for heile den aktuelle tidsperioden. Indeksane var nært korrelert. Observasjonsmaterialet stamma frå dei to tilgrensande studieområda, Adventdalen og Reindalen-Semmeldalen-Colesdalen på Nordenskiöld Land, Svalbard. Parallelle registreringar i dei to studieområda i 1979 ga identiske estimat for gjennomsnittleg kalvingsdato (6. juni). Vi antok derfor at det ikkje var systematiske forskjellar i kalvingsdato mellom områda. Gjennomsnittleg kalvingsdato varierte med 11 dagar (2.-13. juni) i løpet av tidsperioden 1979-2015, men det var ingen signifikant trend. Vårindeksen T50 viste ein sterk trend mot tidlegare vårstart. Basert på denne indeksen var estimert dato for vårstart 18 dagar tidlegare i 2015 enn i 1979. Ingen tilsvarande trend vart avdekka for EVI-vår, som dekka ein vesentleg kortare tidsperiode (2000-2015). Ei avkorting av tidsserien for T50 til berre å omfatte åra med estimat for EVI-vår resulterte i at heller ikkje denne indeksen lenger viste ein signifikant trend. Gjennomsnittleg årleg kalvingsdato viste ingen signifikant korrelasjon med indeksane for vårstart. Ein tydeleg forseinka kalvingsdato om våren etter ein svært hard vinter (1996), tyda derimot på at mødrenes fysiske tilstand har innverknad på kalvingstidspunktet. Denne samanhengen vil ein kunne utforska nærare når fleire år med individbaserte data føreligg. Metodikken for fastsetjing av kalvingsdato på bakgrunn av aktivitetsdata, vil representere eit nyttig verktøy for individbaserte merkestudiar der informasjon om reproduksjonsfenologi og reproduktiv status er interessant. På sikt vil det vere ønskjeleg å automatisere denne prosedyren.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1311
dc.subjectSvalbardreinnb_NO
dc.subjectNINA Rapportnb_NO
dc.subjectRangifer tarandus platyrhynchusnb_NO
dc.subjectKalvingstidspunktnb_NO
dc.subjectKlimaendringnb_NO
dc.subjectReproduksjonnb_NO
dc.subjectSvalbard reindeernb_NO
dc.subjectParturitionnb_NO
dc.subjectBirth datenb_NO
dc.subjectClimate changenb_NO
dc.subjectReproductionnb_NO
dc.titleKlimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunktnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldetilvisingnb_NO
dc.source.pagenumber33 s.nb_NO
dc.relation.projectSvalbard Miljøvernfond: Prosjektnummer 14/109nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • NINA Rapport/NINA Report [2306]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Show simple item record