Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJordhøy, Per
dc.contributor.authorRuud, Hans-Petter
dc.contributor.authorLie, Thore
dc.coverage.spatialFampen i Rondane sør, Stor-Elvdal kommune, Hedmark fylkenb_NO
dc.date.accessioned2017-05-22T13:55:50Z
dc.date.available2017-05-22T13:55:50Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.isbn978-82-426-2977-7
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2443206
dc.description.abstractJordhøy, P., Ruud, H. P. og Lie,T. 2017. Villreinen i Rondane sørområde – Fampen. Status og arealbruk. NINA Rapport 1300. 40 s. I samband med forvalting av reinen i Rondane har det vore mangelfull kunnskap om bestanden sin bruk av dei austlege skogkledde delane av villreinområdet. Fampenområdet, eit «øyfjell» med mykje skog, er eit godt døme på dette. Etter at GPS-prosjektet i Rondane kom i gang, fekk ein etter kvart indikasjonar på at det var eit aukande trekk til og bruk av dette området. Fylkeskommunene utarbeider regionale planar for ein heilheitleg forvalting av fjellområde som er særskilt viktige for villreinen sine leveområde i Noreg. Dei vil vera retningsgjevande for kommunal planlegging og gje føringar for statleg og fylkeskommunal sektorplanlegging. Fampenområdet inngår i regional plan for Rondane – Sølnkletten og ein del av området vart i 2013 avsett som «observasjonsområde». Målsetjinga var å styrka dokumentasjonen av villreinen sin arealbruk her, ved å kombinera eksisterande og ny kunnskap. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Villreinutvalet i Rondane sør og NINA. Gjennom samanstilling av røynslekunnskap frå området, innsamling av data frå trekkregistreringar, utplasserte viltkamera, samt bruk av GPS-data, har ein gjennom dette prosjektet fått fram ein styrka kunnskapsstatus om Fampenområdet som leveområde for rein. Resultata viser at alle kategoriar dyr – bukkar, simler og ungdyr/kalvar – nyttar området. Det er særleg i barmarksesongen området blir nytta, men dei høgareliggande snaufjellsområda har dei siste år også vore nytta på seinvinteren. Trekkregistreringar viser at flokkane trekkjer inn i området frå vest – ikring Imsdalsvola, slik også gamle fangstanlegg viser at dei har gjort i tidlegare tider. Det er observert kalving i ulike delar av området, og dette tyder på at at kalvinga er spreidd over store areal i lågareliggande skogsterreng. I det heile viser resultata at området har viktige habitatkvalitetar for reinen. Dei nordlege og sørlege delane av området, kategorisert som hensynssone nr.2 Buffersone i Regional plan for Rondane og Sølnkletten, har vore utstrekt brukt av rein i ei årrekkje. Mønsteret av GPS-plott frå barmarksperioden i 2009-2016 indikerer såleis at desse områda har vore like mykje nytta av reinen som områda i vest, kategorisert som nr.1 Nasjonalt villreinområde i nemnte regional plan. Generelt sett ser ein i Rondane som i andre store villreinområde at det over tid har vore endringar i reinen sitt geografiske bruksmønster. Dette er noko av dynamikken i reinen sin økologi og arealbruk, der vekselbruk av store leveområde inngår i ein naturleg syklus. Ut frå desse kjensgjerningane og prosjektet sine dokumenterte resultat, vil det kunne vera legitimt å tilrå at større delar av Fampenområdet får same verdistatus som sentralområda lengre inne i Rondane (nasjonalt villreinområde). Sidan 1985 har området fått tilført betydeleg med hytter og veganlegg. Det er viktig at ein nyttar dagens kunnskapsstatus om villreinen sin arealbruk aktivt, og legg til rette for at viktige leveområde på båe sider av Vinjevegen i minst mogleg grad blir råka av nye barrierefremjande inngrep, som avgrensar reinen sin bruk av områda her. Det er grunn til å peike på simlene sin aukande bruk av dei skogkledde områda som kalvingsland, og dyra sitt nærvær i det heile gjennom barmarksesongen.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1300
dc.subjectVillreinnb_NO
dc.subjectNINA Rapportnb_NO
dc.subjectHistorikknb_NO
dc.subjectArealbruknb_NO
dc.subjectOvervakingnb_NO
dc.subjectReindeernb_NO
dc.subjecthabitat usenb_NO
dc.titleVillreinen i Rondane sørområde - Fampen. Status og arealbruknb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.source.pagenumber40 s.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • NINA Rapport/NINA Report [1739]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Vis enkel innførsel