Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJordhøy, Per
dc.contributor.authorStrand, Olav
dc.coverage.spatialHordaland, Sogn og Fjordanenb_NO
dc.date.accessioned2015-05-12T09:50:25Z
dc.date.accessioned2016-07-04T10:54:15Z
dc.date.available2015-05-12T09:50:25Z
dc.date.available2016-07-04T10:54:15Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.citationJordhøy, P. og Strand, O. 2008. Villreinen i Fjellheimen. Status og sårbare habitat. – NINA Rapport 411. 50 s.nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-426-1977-8
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2395474
dc.description.abstractJordhøy, P. og Strand, O. 2008. Villreinen i Fjellheimen. Status og sårbare habitat. – NINA Rapport 411. 50 s. Målsetjinga med dette arbeidet er å få samla og oppsummert kjent kunnskap om reinen og tilhøyrande leveområde i Fjellheimen. Ut frå dette skal ein kunne peike på sårbare habitat, kva som utgjer dei sterkaste menneskeskipa begrensingane og kva tiltak ein må gjere for at desse skal bli minst moglege. Fjellheimen består av store fjellparti sør for Sognefjorden og strekkjer seg frå Fresvik i aust til Masfjorden i vest. Dette kystnære fjellområdet er svært snørikt, men ned-børsmengden avtek sterkt austover. Vinterbeitene representerer dirfor berre ca. 10 % av beitene totalt sett, mens sommarbeitene er rikt utbreidd. Einskilde lavkledte ryggar finns mellom anna ut mot Nærøyfjorden og Stalheim. Fjellandskapet er kupert og reinen finner mange gode funksjonskvalitetar, mellom anna snøfonner til vern mot insekt i dei varmaste periodene om sommeren. Det er også mange snøleier med frisk vegetasjon sommeren igjennom. Fangstanlegg og dyregraver viser at dette har vore villreintraktar frå gammalt av. Særskilt interessant er eit stort massefangstanlegg ved Fresviksbreen. Dyregravane si plassering fortel at reinen i hovudsak nyttar dei same trekkvegane i dag som i gamal tid. Bestanden tel i dag ikring 500 vinterdyr. Vinterbeitene er naturleg utbreidd i dei mest nedbørfattige områdene i aust og sør-aust. Generelt kan ein seie at lavbeita i den austlege delen er svært flekkvis fordelt og inngår i ei blanding av grøntbeiter og lavbeiter. Røynslene frå lokale observasjonar tilseier at reinen kan beite ned lavmatta i eit avgrensa område nokså snøgt, for så å flytte til andre område med rikare lavførekomst. Såleis kan det sjå ut som her er korte beiterotasjonsperiodar på grunn av flekkvis og marginal førekomst av lav. Grøntbeitet har rik førekomst i store delar av Fjellheimen villreinområde, særleg innan områder med dalar og botnar der det er lausmassar og god grobotn for vegetasjon. Høg nedbør saman med variert topografi er og sjølvsagt andre viktige faktorar for den gode grøntbeiteproduksjonen her og gjer at tilgangen på proteinrikt beite er god sommaren og hausten igjennom. Mellom inste delen av Eksingedalen og Myrkdalen er det eit fjellband (Blåeggi og omegn) der reinen kan trekke nord-sør mellom Vikafjellet og ”Volafjellet”. Denne korridoren er svært viktig for utveksling av dyr mellom områda her. Aust-vesttrekket over Vikafjellvegen er og svært viktig for bestanden som heilheit. Eit svært sentralt trekk om vinteren er til dømes trekkorridoren over tunnelltaket mellom Valanipa og Sopandefjellet (tunnellen bygd i 1982). I tillegg er aust-vesttrekket sør for Skjelingavatnet svært viktig. Røynsla med reinen sitt val av kalvingsland tilseier at desse funksjonsområda kan flytta seg noko over tid. Dei siste 10 åra har området ikring Store Muravatnet vore mykje nytta til kalvingsland. Slaktevektene i Fjellheimen tyder at dyra sin kondisjon er god og stabil. For simle 2år+ (nytta som den mest representative kategorien når det gjeld kondisjonsmål) ligg gjennomsnittleg slaktevekt på den øvre del av skalaen for norske villreinbestandar. Reinen i Fjellheimen er døme på ein bestand i eit kystnært fjellandskap som trass i svært marginale vinterbeite er vital og i godt hald. Gamle fangstminne av stort mangfald tyder og på at det har vore god bestand her jamvel i tidlegare tider. Gunstig topografi og stadvis svært gode barmarksbeite (vekstbeite), med lang beitesesong og godt tilpassa bestandsstorleik, bidreg nok til bestanden sin gode kvalitet. Reinen er og har vore ein nøkkelart i Fjellheimen i det meste av perioden etter siste istid Dei tyngste inngrepa i Fjellheimen er forårsaka av kraftutbygging, veg- og hytteutbygging.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskningnb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;411
dc.relation.urihttp://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2009/411.pdf
dc.subjectNINA Rapportnb_NO
dc.subjectfjellheimennb_NO
dc.subjectHordalandnb_NO
dc.subjectSogn og Fjordanenb_NO
dc.subjectvillreinnb_NO
dc.subjecthyttebyggingnb_NO
dc.subjectkonsekvensutgreiingnb_NO
dc.subjectreindeernb_NO
dc.subjecthabitatnb_NO
dc.titleVillreinen i Fjellheimen. Status og sårbare habitatnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.date.updated2015-05-12T09:50:25Z
dc.source.pagenumber50 s.nb_NO
dc.identifier.cristin1241282
dc.relation.projectVoss kommunenb_NO
dc.description.localcode© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelse.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel