Show simple item record

dc.contributor.authorBremset, Gunnbjørn
dc.coverage.spatialToåa, Møre og Romsdalnb_NO
dc.date.accessioned2015-05-11T13:02:22Z
dc.date.accessioned2016-06-23T13:01:53Z
dc.date.available2015-05-11T13:02:22Z
dc.date.available2016-06-23T13:01:53Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.citationBremset, G. 2009. Gytefisktelling i Toåa hausten 2009. - NINA Rapport 530, 21 s.nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-426-2105-4
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2393924
dc.description.abstractBremset, G. 2009. Gytefisktelling i Toåa hausten 2009 – NINA Rapport 530, 21 sider. I oktober 2009 vart det gjennomført drivtelling av gytemoden laks og sjøaure i Toåa, i ei om lag 7 kilometer lang strekning frå absolutt vandringshinder til flopåverka område. Det vart registrert til saman 51 laksar og 180 sjøaurar. I tillegg vart det observert ein del umoden sjøaure som ikkje er inkludert i vidare analysar. Av dei observerte laksane vart 47 individ klassifisert som villfisk mens fire individ vart klassifisert som rømt oppdrettsfisk. Med atterhald om at registreringane gav eit representativt bilde av stoda, var innslaget av rømt oppdrettslaks i gytebestanden hausten 2009 om lag 8 %. Dette er i så fall eit vesentleg mindre innslag enn det som tidlegare er funne i samband med stamfiske etter laks. Den største førekomsten av laks (55 % av registreringane i elva) vart observert i området mellom Bjøråa og Laksesteinen. Elveavsnittet ved Ramsøya er vurdert å vera det viktigaste gyteområdet for laks i Toåa. Gytemoden sjøaure hadde ei noko jamnare fordeling i vassdraget enn laks, men begge artar var i stor grad fråverande frå området mellom Laksesteinen og Skulebrua. Dei største førekomstane av gytemoden sjøaure vart registrert i området mellom Bjøråa og Laksesteinen og i området mellom Skulebrua og flomålet. Begge desse områda synest å vera viktige gyteområde for sjøaure i Toåa. Eit aktuelt gytebestandsmål for laks i Toåa er ein årleg deponering av 600 000 lakserogn. Ulike estimat på rogndeponering tilseier at det hausten 2009 vart deponert i storleiksorden 80 000 - 240 000 lakserogn. Dette gir sterke indikasjonar på at laksegytinga i Toåa hausten 2009 langt frå var tilstrekkelig til å oppfylla eit slikt gytebestandsmål. Estimert rogndeponering hos sjøaure hausten 2009 er i storleiksorden 140 000 - 590 000 aurerogn. Dette tyder på at sjøauregytinga var tilstrekkeleg for å fullrekruttera Toåa med årsyngel i 2010. Vidare kan ein forventa ein talmessig dominans av aure hos årsyngel i 2010.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;530
dc.relation.urihttp://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2009/530.pdf
dc.subjectToåanb_NO
dc.subjectNINA Rapportnb_NO
dc.subjectSurnadal i Møre og Romsdalnb_NO
dc.subjectlaksnb_NO
dc.subjectsjøaurenb_NO
dc.subjectgytefisknb_NO
dc.subjectfisketellingnb_NO
dc.subjectgytebestandsmålnb_NO
dc.subjectstatusrapportnb_NO
dc.titleGytefisktelling i Toåa hausten 2009nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.date.updated2015-05-11T13:02:22Z
dc.source.pagenumber21 s.nb_NO
dc.identifier.cristin1238909
dc.relation.projectTrønder-Energi Kraft ASnb_NO
dc.description.localcode© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelse.nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record