Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVistad, Odd Inge
dc.date.accessioned2015-05-13T07:42:25Z
dc.date.accessioned2016-04-27T09:48:51Z
dc.date.available2015-05-13T07:42:25Z
dc.date.available2016-04-27T09:48:51Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.citationVistad, O. I. 2009. Ferdsel ut frå fjellnære reiselivsbedrifter - NINA Rapport 441. 42 s. + vedleggnb_NO
dc.identifier.isbn978-82-426-2007-1
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2387571
dc.description.abstractUtgangspunktet for prosjektet er arbeidet med Fylkesdelplanar for tre store villreinområde som no vert gjennomført: Rondane/Sølnkletten, Hardangervidda og Setesdalsheiane. I den samanheng er det eit grunnleggande kunnskapsbehov, både om villreinens arealbruk og om menneskeleg aktivitet. Reiselivet er ei av dei viktigaste økonomiske interessene i og rundt desse fjellområda, difor fekk behovet for kunnskap om ferdsel ut frå reiselivsbedrifter prioritet. Prosjektet vart lagt opp slik at 3 reiselivsbedrifter pr fjellområde (totalt 9) skulle vere med. Deltaking frå bedriftene si side var frivillig og lagt opp med stor eigeninnsats frå bedrifta (all datainnsamling). Valet at bedrifter bygde på visse kriterium og ferdselen skulle kartleggast både i lågsesong og høgsesong, både vinter og sommar/haust. Dette vart delt ut eit spørjeskjema for kvart utleigd rom, fordelt på 4 innsatsdagar i løpet av året. Kvar bedrift hadde fridom til å velje innsatsdagar, for å få ei lokal tilpassing. Det er svært sårbart å overlate datainnsamlinga til den enkelte bedrifta, og gjennomføringa feila på ein del punkt. Metoden og feilkjelder blir drøfta i rapporten. Nokre bedrifter vart skifta ut frå vintersesong til sommarsesong. I delar av analysen er bedriftene delte inn i Turhotell og Alpinhotell, og delvis også i Reise Tilbedrifter og Reise Forbi-bedrifter (utifrå korleis bedriftene er lokalisert i høve til viktige gjennomfartsvegar). I alt vart 404 skjema fylt ut og om lag 2/3 av dei i løpet av vintersesongen. I tillegg til å få kunnskap om kor aktive gjestene var, så skulle skjemaet kartlegge kven gjestene var, motiv for besøket, tidlegare erfaring frå området, eiga friluftserfaring, bruken av stiar og løyper, og synet deira på moglege forvaltningstiltak i framtida (fysiske tiltak, forbod og kursing). Norske gjester dominerer, det er lik kjønnsfordeling, dei fleste er høgt utdanna og dei har ein snittalder på 52 år. Mange av gjestene har vore i same området/hotellet før. Dei viktigaste besøksmotiva er knytt til Fin natur, Gode turhøve og Gode turstiar/skiløyper. Verdien av desse motiva er like stor for sommar- som vintergjester. Men desse motiva er viktigare for gjestene på typiske Turhotell enn på Alpinhotell. Den store majoriteten av gjester brukar naturen aktivt (85 %), og det er noko fleire uteaktive vintergjester enn sommargjester. Det er eit logisk mønster i kva aktivitetar som dominerer: Sommartid er det fotturar og vinterstid er det skiturar (Turhotell) og alpint (Alpinhotell). Gjestene er påfallande aktive i utemiljøet; motiv og atferd ser ut til å harmonere. Ikkje berre går dei turar, dei går også lange turar. Dei lengste turane er skiturar og blir gjennomført før eller etter påske (snitt 16,1 km). Påsketurane er kortare (snitt 12,6 km) og sommarturane endå litt kortare (9,0 km). Gjestene ved Turhotell går lengre turar enn gjestene ved Alpinhotell. Vintergjestene startar alltid skituren ved hotellet, medan nær ¼ av sommargjestene køyrde bil til eit startpunkt for fotturen. Dei aller fleste fylgde stiar og løyper; det gjeld særleg vintertid då 77 % nesten berre gjekk langs oppkøyrde og merkte skiløyper, medan 63 % av sommargjestene primært fylgde merkte og skilta stiar. I hovudsak er dette gjester som set pris på merkte stiar og skiløyper. Rondane, Hardangervidda, Setesdalsheiane, fjellhotell, ferdselskartlegging, turistar, villrein, fylkesdelplanar, mountain areas, mountain hotels, tourist survey, tourist traffic, hiking, skiing, wild reindeer, area resource planning and managementnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskningnb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;441
dc.relation.urihttp://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2009/441.pdf
dc.subjectRondanenb_NO
dc.subjectHardangerviddanb_NO
dc.subjectSetesdalsheianenb_NO
dc.subjectfjellhotellnb_NO
dc.subjectferdselskartleggingnb_NO
dc.subjectturistarnb_NO
dc.subjectvillreinnb_NO
dc.subjectfylkesdelplanarnb_NO
dc.subjectmountain areasnb_NO
dc.subjectmountain hotelsnb_NO
dc.subjecttourist surveynb_NO
dc.subjecttourist trafficnb_NO
dc.subjecthikingnb_NO
dc.subjectskiingnb_NO
dc.subjectwild reindeernb_NO
dc.subjectarea resource planning and managementnb_NO
dc.subjectNINA Rapport
dc.titleFerdsel ut frå fjellnære reiselivsbedrifternb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.date.updated2015-05-13T07:42:25Z
dc.source.pagenumber42 s. + vedleggnb_NO
dc.identifier.cristin1240828
dc.description.localcode© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelse.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel