Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVistad, Odd Inge
dc.date.accessioned2014-12-05T11:18:58Z
dc.date.accessioned2016-04-07T12:07:37Z
dc.date.available2014-12-05T11:18:58Z
dc.date.available2016-04-07T12:07:37Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.citationVistad, O.I. 2013. Brettsegling, kiting og surfing på Lista. Særpreg og utfordringar. – NINA Rapport 998. 44 s.nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-426-2608-0
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2384449
dc.description.abstractRapporten skal få fram kunnskap om ulike former for vassbasert brettsport langs Listastrende-ne. Det er ikkje ei kartlegging av faktisk bruk, men først og fremst formidling frå intervju med eit utval erfarne brettfolk som kjenner Lista gjennom mange år. Poenget er særpreget ved dei uli-ke brettaktivitetane på Lista – særleg brettsegling, kiting og surfing – og underaktivitetar innan desse. Og ikkje minst: kva krav stiller dei enkelte aktivitetane til lokalitet, til bølgje- og vindfor-hold for å kunna kalle noko for «gode forhold»? Rapporten viser også døme på GPS-rutene til brettseglarar og vindsurfarar på ulike lokalitetar, registrert med såkalla trackstick. Lista, med Listastrendene, er eit veldig særprega område med mange miljøkvalitetar, både na-tur-, kulturlandskaps- og kulturminnekvalitetar. Det er ei samanhengande rekkje med verneom-råde langs strandkanten, der omsynet til fuglelivet står heilt sentralt. Fleire delområde har sta-tus som Ramsar-område, og skal forvaltast i tråd med Ramsar-konvensjonen og verneforskrif-tene for det enkelte området. Verneområda overlappar langt på veg med fleire offentlege fri-luftsområde langs Listastrendene (del av Skjærgårdsparken Lister), men her er det det tradi-sjonelle og landbaserte friluftslivet som er prioritert. Brettaktivitetane er ikkje nemnt i forvalt-ningsplanen for Skjærgårdparken, sjølv om Listastrendene (frå naturens side) må reknast som nasjonalt viktige. Dette har sannsynlegvis samanheng med at vassbasert brettsport stort sett er regulert bort frå Listastrendene av omsyn til fugleverninteressene, med unntak av nokre få brett-lokalitetar (Tjørvebukta, Pisserenna, og delar av Havika). Det er særleg brettsegling og kiting som er råka av forbodet, og i mindre grad surfing. Denne rapporten bør ein sjå i saman-heng med rapportane til Follestad (2012) og Follestad & Vistad (2013), men den står også på eigne bein. I følgje informantane så er det bølgjene og landskapet som er det mest særprega med Lista, og dette kan gje gode forhold for surfing, bølgjesegling (= vindsurfing) og bølgjekiting, avhengig av bølgjeretning/-høgde og -frekvens, i samspel med lokaliteten. I sørlege Noreg er det vel ber-re Saltstein/Mølen og framfor alt Jæren som har liknande forhold. Men det er ganske sjeldan det slår til med gode bølgjeforhold. Det er langt oftare gode vindforhold (for fristil-/race-brettsegling og fristil-kiting), men også her er det kombinasjonen av vindretning og -styrke som styrer kva for lokalitetar som får gode forhold for dei ulike (sub-)aktivitetane. Dei meir erfarne har gjerne utstyr for ulike forhold, og tilpassar det til vindstyrken; type/storleik på brettet, stor-leik på kiten, høgda på riggen/storleik på seglet – alt utstyr kan/bør «vere mindre» ved sterkare vind, men i samspel med kor dyktig og erfaren utøvaren er. Rapporten går meir i detalj på spekteret og omfang av aktivitetar, kva krav dei stiller til forholda, kva som er motiva og spesi-fikt kva lokalitetar langs Listastrendene som er særleg veleigna for dei ulike aktivitetane. Det er særleg Bausje/Nordhasselvika/Litlerauna og delvis Kviljo/Havika som er dei utfordrande lokali-tetane i høve til verneformåla, nemleg å unngå «unødige forstyrrelser» av fuglelivet (saksa frå verneforskriftene). Rapporten blir avslutta med eit drøftingskapittel (samarbeid med kollega Arne Follestad) om forvaltningsutfordringar, forvaltningsprinsipp, og litt om handlingsrom knytt til verneområda. Denne diskusjonen byggjer på fylgjande premissar: alle verneområde er sosiale-økologiske system, og all menneskeleg bruk har ein effekt på naturen, men det er ikkje alle slike effektar som er uakseptable i høve til eit verneformål. Dette er m.a. avhengig av kor sårbare/robuste systema er, og kva verdi- og samfunnsmessige føringar ein legg til grunn.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskningnb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;998
dc.relation.urihttp://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2013/998.pdf
dc.subjectListastrendenenb_NO
dc.subjectFarsund kommunenb_NO
dc.subjectVest-Agdernb_NO
dc.subjectvassbaserte brettaktivitetarnb_NO
dc.subjectfuglelivnb_NO
dc.subjectsamfunnsinteressernb_NO
dc.subjectkvalitativ brukarundersøkingnb_NO
dc.subjectforvaltningsutfordringarnb_NO
dc.subjectRamsar-områdenb_NO
dc.subjectLista coastal areanb_NO
dc.subjectFarsund municipalitynb_NO
dc.subjectVest-Agder countynb_NO
dc.subjectNorwaynb_NO
dc.subjectwater based board sportsnb_NO
dc.subjectbird lifenb_NO
dc.subjectsocietal interestsnb_NO
dc.subjectqualitative user studiesnb_NO
dc.subjectmanagement challengesnb_NO
dc.subjectRamsar-sitenb_NO
dc.subjectNINA Rapport
dc.titleBrettsegling, kiting og surfing på Lista. Særpreg og utfordringarnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.date.updated2014-12-05T11:18:58Z
dc.identifier.cristin1094133
dc.description.localcode© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelse.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel