Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVistad, Odd Inge
dc.contributor.authorGundersen, Vegard
dc.coverage.spatialRondane nasjonalpark, Dovre nasjonalpark (Noreg, Innlandet fylke, kommunane Dovre, Sel, Folldal, Stor-Elvdal, Nord-Fron, Sør- Fron, Ringebuen_US
dc.date.accessioned2022-06-14T10:46:29Z
dc.date.available2022-06-14T10:46:29Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.isbn978-82-426-4938-6
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2998669
dc.description.abstractVistad, O. I. & Gundersen, V. 2022. Bruken av Rondane – Dovre 2021. Resultat frå brukarundersøking og automatisk teljing. NINA Rapport 2147. Norsk institutt for naturforskning. Rondane-Dovre nasjonalparkstyre skal revidere forvaltningsplanen for sine store verneområde. Difor fekk ein gjort ei ny brukarundersøking sommaren 2021 vha. åtte sjølvregistreringskasser med spørjeskjema (medio juni til medio oktober) og automatiske teljarar nær dei same åtte lokalitetane (som registrerer personar som ferdast langs sti/veg). Aktuelle teljartal blir presentert for heile perioden 2009-2021, i den grad slik tal finst. Elles drøftar vi funna opp mot tala frå førre brukarundersøking, i 2009. Forsommaren 2021 vart høva for innreise til Noreg (Korona-pandemien) letta og utanlandske (dvs. europeiske) turistar var tilbake. Det er ganske jamn kjønnsbalanse (55 % kvinner) i Rondane-Dovre (RD), omlag som i 2009. RD viser seg igjen som ein tydeleg «eldre-park» (snittalder 49 år), samanlikna med t.d. Jotunheimen, eit mønster som er endå tydlegare no enn i 2009. To av tre brukarar er norske og nærpå alle utlendingar er frå Europa (truleg grunna pandemireglar). Tyskarar har nest flest brukarar (19 %), etter Noreg. I alt er 23 nasjonar registrert (mot 32 i 2009). Blant dei norske regionane er Austlandet klart størst, med 40 % av alle brukarar (inkl. 5 % frå dei seks lokale kommunane). Tre av fire gjester kjem i juli og august, med jamn fordeling mellom dei to månadane. I snitt er gjesten her i fire døgn; omlag 2 av 3 er her eitt til tre døgn. Omlag kvar fjerde gjest hadde vore/skulle på fleire turar i RD-området i 2021. Det vanlegaste turfølgjet er to og to, og 13 % har med seg barn under 15 år (i 2009 var det 16 %). Det er stor variasjon i tidlegare friluftslivserfaring (= overnattingsturar til fots/på ski) – frå ingen (18 %) til fleire enn 20 (27 %). Dei norske er noko meir erfarne enn dei utanlandske. Vel halvparten (53 %) hadde vore i området før, om sommaren, og 23 % om vinteren; båe tala ligg noko lågare enn i 2009. Altså; det var fleire fyrstgongsbrukarar i 2021 (43 %) enn i 2009 (37 %). For halvparten var dette besøket i RD hovudformålet med reisa (resten var på rundreise, eller hadde fleire turmål). For dei fleste (65 %) sto ‘dagstur til fots’ på programmet (med snitt på 4,4 timar), og for 26 % var aktiviteten ‘del av fleirdagstur’ med turlengda i snitt 4,5 døgn (vanlegast er turar på 3 eller 4 døgn). Denne fordelinga er nær identisk for nordmenn og utlendingar. I 2009 var noko færre på dagstur (63 %) og noko fleire på fleirdagstur (32 %). Dei fleste av nordmennene (61 %) har skaffa seg informasjon før turen. Det er noko fleire av utlendingane (67 %) som har søkt forhåndsinformasjon. Internett er ein heilt dominerande inngang (60 %) for båe gruppene. «Alle» (87 %) er nøgde/svært nøgde med tilrettelegginga for friluftsliv; det er tydelegast for dei norske. I 2009 var mønsteret om lag likt, men då var fleire utlendingar meir nøgde med tilrettelegginga (dvs. meir like dei norske). Blant utlendingane seier eit fleirtal (69 %) at dei ikkje veit kva dyr som er truga i RD-området, mot 44 % av dei norske. Tre av fire oppfattar heile RD-området som eit villmarksområde, og noko fleire av utlendingane svarar dette. Meir enn halvparten av brukarane er positive til to eventuelle tiltak for å «beskytte sårbar natur»: (1) ‘legge om eksisterande merkte turruter’ (52 % positive) og (2) ‘forbod mot ferdsel langs visse ruter i november’ (64 % positive). Og for båe forslaga er det utlendingane som er mest positive. «Møtte du syklistar langs stiane på denne turen?» - her svarar 77 % nei. Av resten (23 %) er det mange som ikkje ser ut til å skilje mellom møte med sykkel langs sti og langs veg. Avslutningsvis samanliknar vi funna frå dei ulike innfallsportane (svarkassene) i RD, og også samla funn frå RD med andre norske nasjonalparkar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)en_US
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;2147
dc.subjectbrukarundersøkingen_US
dc.subjectferdselsteljingen_US
dc.subjectVisitor studyen_US
dc.subjectVisitor countingen_US
dc.titleBruken av Rondane-Dovre 2021. Resultat frå brukarundersøking og automatisk teljingen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelseen_US
dc.source.pagenumber54en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • NINA Rapport/NINA Report [2307]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Vis enkel innførsel