Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBremset, Gunnbjørn
dc.contributor.authorSæter, Arne O.
dc.date.accessioned2020-02-20T08:37:33Z
dc.date.available2020-02-20T08:37:33Z
dc.date.created2012-03-19T13:23:11Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.isbn978-82-426-2310-2
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2642734
dc.description.abstractBremset, G. og Sæter, A.O. 2010. Fiskebiologiske undersøkingar i Toåa og Romåa hausten 2010. - NINA Rapport 723, 24 sider. I 2010 vart det gjennomført ungfiskundersøkingar i øvre delar av Romåa og gytefisktellingar i hovudstrengen av Toåa. Gytefisktellinga hausten 2010 vart gjennomført på tilsvarande vis som hausten 2009. Ungfiskundersøkingane vart gjennomført i fire område i Romåa der det våren 2010 vart lagt ut augerogn frå laks. Det vart fanga sju laksyngel i løpet av om lag to timer med elektrisk fiske i fire rognplantingsområde i øvre delar av Romåa. Til samanlikning vart det fanga 174 aurar (storleik 33-170 mm) i dei same områda. Det vart funne ein laksyngel med rest av plommesekk i ein av dei seks utlagde rognboksane, og middels storleik på sju årsyngel fanga under elektrisk fiske var liten samanlikna med normal storleik i resten av vassdraget. Utlegginga av augerogn av laks våren 2010 synest å ha gitt eit relativt dårleg tilslag i form av laksyngel i øvre delar av Romåa. Det er uvisst om den tilsynelatande dårlege veksten og overlevinga skuldast spesielle tilhøve i vekstsesongen 2010, eller om det dårlege tilslaget er representativt for tilhøva i denne delen av vassdraget. I sentral gyteperiode for laks og sjøaure vart det i 2009 og 2010 gjennomført drivtelling av gytefisk i Toåa, i ei om lag sju kilometer lang strekning frå absolutt vandringshinder til flopåverka område. Hausten 2010 vart det registrert til saman 119 laksar og 209 sjøaurar i hovudstrengen av Toåa. Dette tilseier ein minimumstettleik på 17 laksar og 29 sjøaurar per kilometer elvestrekning. Mengda gytefisk av båe artar var større i 2010 enn i 2009, då det vart registrert 51 laksar og 180 sjøaurar (tilsvarar sju laksar og 25 sjøaurar per kilometer elvestrekning). Den største førekomsten av laks (41-55 % av registreringane i elva) vart begge år observert i området mellom Bjøråa og Laksesteinen. Elveavsnittet ved Ramsøya er vurdert som det viktigaste gyteområdet for laks i Toåa. Gytemålet for laks i Toåa tilseier ei årleg deponering av 618 000 lakserogn. Estimat basert på gytefisktellingar tilseier at det truleg vart deponert i storleiksorden 120 000 - 240 000 lakserogn hausten 2009, og 420 000 - 840 000 lakserogn hausten 2010. Estimata indikerer at gytemålet ikkje vart nådd hausten 2009, mens gytemålet truleg vart nådd hausten 2010. Dei største førekomstane av gytemoden sjøaure vart registrert i området mellom Bjøråa og Laksesteinen (93-102 individ) og i området mellom Skulebrua og flomålet (52-78 individ). Begge desse områda synest å vera svært viktige gyteområde for sjøaure i Toåa. Estimata tilseier at det vart deponert i storleiksorden 295 000 - 590 000 aurerogn hausten 2009, og 375 000 - 750 000 aurerogn hausten 2010. Estimata av rogndeponering hos sjøaure tyder på at mengda rogn haustane 2009 og 2010 har vore store nok til å sikra tilstrekkeleg rekruttering med årsyngel i vassdraget i 2010 og 2011. Basert på estimata av rogndeponering hos laks og sjøaure kan ein forventa at det var ein talmessig dominans av aure hos årsyngel i 2010, mens artsfordelinga hos årsyngel truleg vil verta relativt jamn i 2011.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskningnb_NO
dc.relation.ispartofNINA rapport
dc.relation.ispartofseriesNINA rapport;723
dc.titleFiskebiologiske undersøkingar i Toåa og Romåa hausten 2010nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siterast fritt viss ein nyttar kjeldeopplysningnb_NO
dc.source.pagenumber24nb_NO
dc.identifier.cristin915795
cristin.unitcode7511,3,0,0
cristin.unitnameAvdeling for akvatisk økologi
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel