Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHagen, Dagmar
dc.contributor.authorVistad, Odd Inge
dc.date.accessioned2017-01-09T10:05:32Z
dc.date.available2017-01-09T10:05:32Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.isbn978-82-426-2972-2
dc.identifier.issn2464-2797
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2426692
dc.description.abstractHagen, D. og Vistad, O. I. 2016. Vurdering av kor sårbare utvalde lokalitetar i Nærøyfjorden land-skapsvernområde er for ferdsel. Landgangslokalitetar ved Nærøyfjorden, den nye Sivlestien langs Stalheimskleivi, og ferdselsruta gjennom Slettedalen – NINA Kortrapport 34. 32 s. I Nærøyfjorden landskapsvernområde vil ein ha vurdert kor sårbare eit utval lokaliteter i verneområdet er, der det er eller kan bli nye utfordringar knytt til ulike former for ferdsel. Verneområdestyret har peika ut tre aktuelle og ganske ulike lokalitetar (sjå rapporttittelen), knytt til ulike naturtypar (kyst, skog, myr, fjell). I tillegg er det sterke innslag av kulturlandskap, særleg for landgangslokalitetane langs fjorden. Denne rapporten tek berre for seg sårbarheit i høve til planteliv og ferdsel; dyrelivet vil bli vurdert seinare. På oppdrag frå Miljødirektoratet er Norsk institutt for naturforsking (NINA) i ferd med å utvikle modellar for å kunna vurdere kor sårbare verneområde på fastlandet er for ulike former for ferdsel. Vurderinga av Nærøyfjorden landskapsvernområde går inn som ein del av arbeidet med å utvikle modellane for skog og fjell, i tillegg til den konkrete vurderinga av dei utvalde lokalitetane. For Nærøyfjorden er utfordringa knytt til den aukande småbåtaktiviteten, sidan det særleg er desse brukarane som går i land og slår leir mm. Sivlestien skal byggast frå grunnen, og påverknaden er sjølve bygginga av turvegen og den framtidige bruken av denne. I Slettedalen er temaet påverknad (t.d. markslitasje) frå den aukande turgåinga gjennom dalen og ut mot ut utkikkspunktet Bakkanosi. Uttestinga av skogmanualen vil fortsetje i 2017, og det kan kome tillegg eller mindre justeringar av modellen. Grunnlaget for sårbarheitsvurderinga er kartlegging av definerte sensitive einingar innafor lokaliteten. Deretter vert einingane vekta mot areal (kor stor del av lokaliteten dekkjer eininga?) og lokalisering (kvar er eininga plassert i høve til dagens, eller framtidig forventa bruk?). Vurderingane er basert både på feltarbeid og eksisterande kunnskap. Det er tre typar sensitive einingar som går igjen på dei sju lokalitetane langs fjorden: Bratt skråning med ustabilt substrat (Aksneset, Salthella, Odnes), Brink/bratt skrent (Aksneset, Skalmenes) og Nake berg (Krossnes, Klungrenes). I tillegg er det registrert Fuktsig/blauthøl på Odnes. Fleire av dei sensitive einingane ligg sentralt i lokalitetane, men samstundes utgjer einingane ein relativt liten del av det totale arealet. Vi diskuterer ulike tiltak for å reduserer sårbarheita for dei ulike del-lokalitetane. For Sivlestien er den sensitive eininga Bratt skråning med ustabilt substrat/rasmark. Her er det etablering av sjølve turvegen/-stien som er utfordringa både i høve til sårbarheit, og reint praktisk. I Slettedalen er det store Myrområde som utgjer hovuddelen av dei sensitive einingane. Dessutan innslaget av Brink/bratt skrent som finst nokre få stader langs kanten ned mot elva. Sjølve lokaliseringa av ein merkt sti (for å samle ferdselen) og ev. tiltak for å forsterke sjølve «gangbanen» (t.d. stokklegging) er avgjerande for kor sårbar dalen er for ferdsel. Vi har vurdert i kva grad ulike avbøtande tiltak kan redusere sårbarheita i lokalitetane. Dei mest aktuelle tiltaka er å klopplegge eller forsterke stiar i blaute område og merking av stitrase for å kanalisere ferdselen. For Sivlestien er avbøtande tiltak knytt til sjølve anleggsarbeidet for etablering av stien, sidan dette er avgjerande for sårbarheitsverdien. Rapporten viser at vellukka avbøtande tiltak i stor grad kan redusere sårbarheita på enkelte lokalitetar, medan det for andre lokalitetar ikkje finst gode tiltak.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskningnb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Kortrapport;34
dc.subjectNINA Kortrapportnb_NO
dc.subjectterrengnb_NO
dc.subjectvegetasjonnb_NO
dc.subjectferdselnb_NO
dc.subjectsårbarheitnb_NO
dc.subjectforvaltningnb_NO
dc.subjectverneområdenb_NO
dc.subjectterrainnb_NO
dc.subjectvegetationnb_NO
dc.subjecthuman usenb_NO
dc.subjectvulerabilitynb_NO
dc.subjectmanagementnb_NO
dc.subjectprotected areasnb_NO
dc.titleVurdering av kor sårbare utvalde lokalitetar i Nærøyfjorden landskapsvernområde er for ferdsel. Landgangslokalitetar ved Nærøyfjorden, den nye Sivlestien langs Stalheimskleivi, og ferdselsruta gjennom Slettedalennb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.source.pagenumber32 s.nb_NO
dc.relation.projectMiljødirektoratet: M-649|2016nb_NO
dc.description.localcode© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelse.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • NINA Kortrapport [72]
    Tilbakemeldinger til oppdragsgiver underveis i prosjektet. Er enklere i formen enn de øvrige NINA-seriene.

Vis enkel innførsel